Barnelaget i BUL kjem ikkje til å ha aktivitet for dei yngste framover

Barnelaget i BUL kjem ikkje ta å ha aktivitet for dei yngste framover. BULder og brak, hallinggruppa vår, held fram som før.

Bli med i Barnelaget i BLS

Vi ønskjer å gje dei medlemene i Barnelaget i BUL som er råka av dette eit tilbod gjennom BLS (Bygdelagssamskipnaden). Alle medlemer i Barnelaget i BUL er hjarteleg velkomne til å bli med i Barnelaget i BLS! Dei held til i Nordahl Bruns gate 22 og øver torsdagar kl. 17.30-19.

Litt om Barnelaget i BLS for tida:

Aktivitet: Barnelaget i BLS har tre grupper, som alle øver på torsdagar kl. 17.30-19 i Nordahl Bruns gate 22, med ein felles pause kl. 18.15-18.30. Det er ei gruppe for barnehagebarn 3-6 år, instruktør er Signe Krohn Gjessing. Ei gruppe er for 1.-2.-(3.)-klasse, og den største gruppa er for tida (3.)-4.-7.-klasse. Desse to gruppene har Tone Ingvaldsen, Sunniva Christensen og Andrea Hernes som instruktørar. Det er levande musikk på øvingane, Sigurd Gjerde og Mary Seim spelar fele.

Av andre aktivitetar brukar vi å danse framsyning på sjukeheim eit par gonger i året i øvingstida, dra på bowling ein gong om våren, og vere med på Sjokoladekappleik. I 2016 var vi med på ei framsyning av Veslefrikk med fela i Oslo Konserthus. Til sommaren 2017 er det fleire som har tenkt til å dra til Barnlek på Færøyane.

Medlemspris: 600 kr per år (ev. 300 kr per semester ein dansar). Søskenmoderasjon: Frå og med tredje søsken gratis.

Innmelding: Ein kan melde seg inn ved å komme på ei øving og sjå om ein trivst og ev. melde seg inn på øvinger, eller de kan sende ein e-post til barnelagetibls@gmail.com for innmelding eller spørsmål. Medlemskapen fungerer som ei semesteravgift for å vere med på øvingene. I tillegg er det kaffi, frukt og kake kvar gong, og ein betalar omtrent ein 10-ar for dette.

Forventa foreldreinvolvering: Det er fint om foreldre kan stille med frukt og kake på øvingane ein gong imellom, typisk ein gong kvart semester. Dersom det er foreldre som vil engasjere seg meir i Barnelaget, sitje i styret f.eks., er det også mogelegheiter for det.

Nettside: barnelaget.bls.no

E-post: barnelagetibls@gmail.com

Facebook: www.facebook.com/barnelaget

Altså: Det blir ikkje aktivitet i Barnelaget i BUL framover, men de kan framleis vere medlemer her for kr 50 per år. Medlemskapen vil gje rabattar, bl.a. på Kaffistova. Medlemene vil også få info om BUL via medlemssystemet vårt. Sei frå om de ynskjer å behalde medlemskapen i Barnelaget i BUL. Vi arbeider med å få til aktivitet i Barnelaget i BUL igjen. Til dette skjer er alle hjarteleg velkomne til å bli med i Barnelaget i BLS.

NB! Hallinggruppa BULder og brak er ikkje omfatta av dette, dei held fram som før.

Det er slik at når ein er medlem i BUL, er ein samstundes medlem i fylkeslaget i BLS og Noregs Ungdomslag osv. BUL sender kontaktinfo for medlemer i Barnelaget i BUL til Barnelaget i BLS for å gjere det enklare med info/overgang.

 

Helsing

Bondeungdomslaget i Oslo

 

 

Lær folkedans gjennom